– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Vokalkonsertar

lau10sep(sep 10)20:15sun11(sep 11)07:00VokalkonsertarI Hardanger Skyspace20:15 - 07:00 (11)(GMT+00:00)

Om arrangementet

Unike opplevingar i lysverket Hardanger Skyspace!
Gå ikkje glipp av framføringa av spesialskrivne komposisjonar i lysverket av James Turrell – framførte ved skumring laurdag (kl 20.10) og demring sundag (kl 06.00).

Vokal: Kristin Bolstad, Eira Huse og Linnéa Sundfær Casserley
Komponist: Kristin Bolstad

BILLETTAR:
>>> Laurdag 10. september kl 20.10: Verket KVELD
>>> Sundag 11. september kl 06.00: Verket MORGON

Om verka: 
MORGON og KVELD er komponert spesielt for James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace. Verka er del av serien med spesialskrivne komposisjonar for James Turrell sine lysverk. Utøvarane har tidlegare framført Sound/In Light for Ganzfeld: Double Vision i Ekebergparken gjennom dei siste tre åra, og no er turen komen til Hardanger Skyspace.

Verka tek utgangspunkt i stilla og det meditative ved Skyspace, og det å sitja under den innramma himmelen gjennom skumring og demring medan ein er omslutta av ulikt farga lys som langsamt endrar persepsjonen av himmelen. MORGON og KVELD søkjer ei liknande form for gradvis og umerkeleg endring, gjennom nesten uhøyrlege klangar og bølger av lyd som freistar viska ut skilja mellom sansane. MORGON og KVELD reflekterer over dagen som kjem og dagen som har vore, som eit punkt av stillstand i spennet mellom det evige og det som skal forgå, og med ein tilstand av fokusert ro og kvile.

Frammøte: Ved Skyspace
Varigheit:
Ca 45 min

NB! Avgrensa antal plassar – kun 18 billettar i sal pr konsert

Tid

10 (Laurdag) 20:15 - 11 (Sundag) 07:00(GMT+00:00)