Ketil Bjørnstad
sun06nov18:00Ketil BjørnstadSYTTI ÅR - SOLO PIANO
Om arrangementet
SYTTI ÅR – SOLO PIANO (og sju nyskrivne dikt) Jubileumskonsert I 2022 blir Ketil Bjørnstad 70 år, og i den samanheng vert det jubileumskonsert i Kabuso 6. november, der me får
Om arrangementet
SYTTI ÅR – SOLO PIANO
(og sju nyskrivne dikt)
Jubileumskonsert
I 2022 blir Ketil Bjørnstad 70 år, og i den samanheng vert det jubileumskonsert i Kabuso 6. november, der me får møte Bjørnstad åleine ved flygelet.
Sjølv seier Bjørnstad: «Solo-konsertane har vore grunnlaget for mi musikalske karriere. Dei markerer byrjinga og slutten. Åleine med flygelet oppstår ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske vala undervegs. Også instrumentet og akustikken i lokalet er med på å gjere kvar einaste konsert til noko heilt spesielt. Kvar enkelt konsert vil bli annleis enn den forrige.»
Turneen opnar på Rockefeller 4. mai 2022, og 6.november kjem turen til Øystese og Kabuso.
Grappa Musikkforlag gir ut CD/DVD-en New Morning (Live from Sentralen, Oslo, April 2020), eit live-opptak der Bjørnstad sjølv kjenner at han får synt heilt nye sider av seg sjølv som pianist. Det musikalske innhaldet i konsertane er repertoar fra heile Bjørnstads musikalske karriere, men og nye komposisjonar og improvisasjonar. På same måten kan dei nyskrivne dikta by på både gamle og helt uventa motiver, fra debuten med Alene Ut i 1972 fram til i dag.
Sidan Bjørnstad også feirar 50-årsjubileum som forfattar, gir Aschehoug forlag ut Sommernatt ved fjorden – Kjærlighetsdikt gjennom 50 år samstundes, med utvalde bilde av Gro Mukta Holter.
Velkomen til ein verdig og innhaldsrik jubelkveld med jubilanten Ketil Bjørnstad i førarsetet!
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
6. November 2022 18:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)