KARI BREMNES
Om arrangementet
Onsdag 9. november kl 21 opptrer Kari Bremnes i duoformat med Bengt Egil Hanssen på tangentar. Me får eit unikt høve til å oppleve Kari Bremnes i eit sjeldan intimt
Om arrangementet
Onsdag 9. november kl 21 opptrer Kari Bremnes i duoformat med Bengt Egil Hanssen på tangentar.
Me får eit unikt høve til å oppleve Kari Bremnes i eit sjeldan intimt format i konsertsalen i Kabuso.
Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk – er ord som kan skildre Bremnes sin musikk.
Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det ljosaste til det ganske mørke og rå.
Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebne. Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum.
Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.
Foto: Per Heimly
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
9. November 2022 21:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)