Julefred - ein førjulskonsert
lau07des14:0015:00Julefred - ein førjulskonsert
Om arrangementet
Den 7. desember kl.14.00 er det førjulskonsert i kafèen på Hardanger fartøyvernsenter. Trioen består av Lars Gunnar Solsvik på keyboard, Jonas Selås OIsen på gitar og Karina Bjørnes på vokal. Musikken ligg
Om arrangementet
Den 7. desember kl.14.00 er det førjulskonsert i kafèen på Hardanger fartøyvernsenter.
Trioen består av Lars Gunnar Solsvik på keyboard, Jonas Selås OIsen på gitar og Karina Bjørnes på vokal.
Musikken ligg i landskapet jazz, vise, folk og pop. Repertoaret består av julesongar og tema rundt jul. Kom på konsert og kjenn på julestemninga!
Ein kan få både vått og tørt i kafèen, og museumsbutikken har godt utval av julegåver.
Det kostar 150,- per billett, kan kjøpast i døra.
Tid
7. desember 2019 14:00 - 15:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)