Jolafest
fre15des17:0019:00JolafestTopp stemning!
Om arrangementet
Velkomen til Jolafest 2023 på Storeteigen bygdetun – fredag 15. desember kl 17-19! I god tradisjon blir det topp stemning på tunet: Gode folk, varme frå bålpannene og noko godt i
Om arrangementet
Velkomen til Jolafest 2023 på Storeteigen bygdetun – fredag 15. desember kl 17-19!
I god tradisjon blir det topp stemning på tunet: Gode folk, varme frå bålpannene og noko godt i koppen.
Bli med på utekino og aktivitetar – og kanskje kjem Torefjellsnissen òg?
Billettar: 50,- kr (vaksen) / 20,- (barn) / 100,- (familie)
Kontant eller Vipps # 630426
Praktisk info:
- Festen føregår stort sett utomhus, så kle deg godt
- Ta gjerne med mat til bruk på bålpannene
- Billetten inkluderar varm drikke
Tid
15. desember 2023 17:00 - 19:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)