Prosjekt: Hvileåret
sun12jun(jun 12)00:00fre31mar(mar 31)23:50Prosjekt: HvileåretVed Amber Ablett
Om arrangementet
Høyrt om Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme? Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få
Om arrangementet
Høyrt om Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme?
Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få høve til å oppleva lydverk, delta på workshop og høyra samtalar med inviterte gjester.
Prosjektet vil utforska kva me kan læra om kvila si rolle som verktøy for vekst ved å sjå til tradisjonelle jordbruksteknikkar.
Prosjektet samlar aktivistar, allierte og den breiare offentlegheita for å tenka saman om kvile som ein aktiv tilstand.
Hvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd
Tid
12. juni 2022 00:00 - 31. mars 2023 23:50(GMT+00:00)
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)