Helgekurs: bringklut - ledig plass!
Om arrangementet
Sy din eigen bringklut Me har framleis ein til to ledige plassar på dette kurset! Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane
Om arrangementet
Sy din eigen bringklut
Me har framleis ein til to ledige plassar på dette kurset! Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy Holmabringklut eller hjartebringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.
Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp to bringklut-helgekurs i 2023, med Agnete Sivertsen som kurslærar.
Det eine kurset vert om våren, fredag 24. til sundag 26. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. februar 2023
Det andre kurset vert om hausten, fredag 29. september til sundag 1. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. september 2023
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
29. September 2023 09:30 - 1. oktober 2023 17:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)