– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: Bringklut i krossting

lau31augsun01sepHelgekurs: Bringklut i krosstingLær å sy krossting, leggsaum og kjedesting(august 31) 09:30 - (september 1) 16:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy bringklut i krossting. Det vert og undervist i andre broderi me finn på bringklutane, så som leggsaum og kjedesting og kombinasjonar av desse.

Kurslærar er husflidskonsulent i Hordaland, Hege-Therese Nilsen. Ho har brei erfaring med ulike typar broderi.

Kurset vert laurdag 31. august og sundag 1. september, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /474 79 884 innan 20. juli

Pris: Kr 2000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

August 31 (Laurdag) 09:30 - September 1 (Sundag) 16:30(GMT+00:00)