Havet som spiskammer
tors07feb19:0020:00Havet som spiskammer
Om arrangementet
Den biologiske produksjonen i havet er like stort som på landjorda. Kvifor kjem då 90% av maten vår frå landjorda? Fiskerifangsten har stagnert og overfiske er eit betydelig problem på globalt
Om arrangementet
Den biologiske produksjonen i havet er like stort som på landjorda. Kvifor kjem då 90% av maten vår frå landjorda?
Fiskerifangsten har stagnert og overfiske er eit betydelig problem på globalt plan. Dette gjer lite håp for å kunne hente ut meir sjømat, samstundes som ein aukande befolking med aukande levestandard etterspør nettopp dette. Kan havet verte ein større matleverandør samtidig som ein ivaretar FN sine bærekraftmål? Aksnes gjer oss med dette foredraget eit innblikk i denne problemstillinga.
Dag L. Aksnes er professor ved Institutt for Biologi ved UiB og arbeider innan biologisk oseanograf med fokus på økosystem og endring i miljøforhold. Han har deltatt i fleire ulike internasjonale ekspertgrupper som har sett på havet som framtidig matprodusent.
Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk
Tid
7. februar 2019 19:00 - 20:00(GMT+00:00)
Program
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)