Haugtussa - Esmeralda
lau23okt18:00Haugtussa - EsmeraldaKlassisk
Om arrangementet
Laurdag 23. oktober kl 18 kan du ta i mot eit musikalsk postkort som hyllar kjærleiken – frå songar Laila Thortvedt og pianist Mariam Kharatyan Mellom Arne Garborg sine romantiske tekstar
Om arrangementet
Laurdag 23. oktober kl 18 kan du ta i mot eit musikalsk postkort som hyllar kjærleiken – frå songar Laila Thortvedt og pianist Mariam Kharatyan
Mellom Arne Garborg sine romantiske tekstar til det sterke uttrykket i Notre Dame de Paris av Victor Hugo er kontrastane mange. Men det universelle temaet kjærleik har dei til felles.
Det naturskjønne hos Veslemøy i Haugtussa og det sensuelle hos Esmeralda av Victor Hugo, tar kjærleiken til dei store høgdene saman med situasjonane dei kjem frå.
Edvard Grieg sin intense musikk, nasjonalromantikken sin musikalske far, blandar seg perfekt med hans samtidige:
Verdi, Fauré, Donizetti og Louise Bertin. Alle har dei skrive musikk til Victor Hugo sine historiar og dikt.
Laila Thortvedt – sopran
Mariam Kharatyan – piano
Bénedicte Charpentier – regi
Program:
Haugtussa av Arne Garborg
Poesi og romanar av Victor Hugo
- Det syng – Veslemøy høyrer trolla synga. Det er her ho ”får” sin skjebne og akspeterar at ho er synsk. Ho blir ikkje berre Veslemøy, men også Haugtussa.
Blåbærli – Veslemøy plukkar blåbær og drøymer seg vekk når ho tenkjer på kjærasten, samtidig er ho også litt redd for bjørnen, ulven og det underjordiske.
Veslemøy – Kjærleiken gjer sin inntreden i Veslemøy sitt liv når ho møter Jon, på ein tur i fjellet. - Mai – Gabriel Fauré. Melodi inspirert av Victor Hugo si diktsamling « Sanger fra skumringen – Les Chants du crépuscule »,
- Møte – Det lidenskaplege møtet mellom Veslemøy og Jon.
Elsk – Veslemøy er oppover øyra forelska. Forelskinga og livsgleda vert sterkt uttrykt. - Tutte le feste al tempio, Gildas arie, fra operaen Rigoletto – Guiseppe Verdi. Inspirert av romanen « Kongen morer seg». Gilda si naive kjærleikserklæring til Hertugen som later som han er en ung student med navnet Gualtier Maldè
- Rêve d’Amour – Gabriel Fauré
Melodiar inspirerte av Victor Hugo si diktsamling «Sanger fra skumringen – Les Chants du crépuscule» - Killingdans –Edvard Grieg
Dans les ruines d’une abbaye – Gabriel Fauré. Melodi inspirert av Victor Hugo si diktsamling «Sanger fra gatene og skogene – Chansons des rues et des bois»
Ernani!… Ernani, involami, l’air d’Elvira, dans l’opéra Ernani – Guiseppe Verdi. Inspirert av Victor Hugo sin roman Hernani. Elvira vert vonlaus når ho ikkje får vera i fred og drøyma om sin utkåra Ernani. - Vond dag – Veslemøy ventar kjæresten sin som aldri kjem. Veslemøy er berre ei gjetarjente, mens Jon er lova bort til ei storgårdsdotter.
- Romance, Esmeraldas arie, frå operaen La Esméralda – Louise Bertin
Komponisten er ein ven av Victor Hugo og ho er den einaste han aksepterar å skriva ein libretto til. Franz Liszt skriv pianoreduksjonen.
Esmeraldas romanse skildrar misforståinga når presten Frollo anklagar henne for drapet på Phoebus. Ho mister sin kjære. - La Cloche – Camille Saint-Saëns. Den franske kjærleikens ensemd.
- La Chanson de Solveig – Extrait de Peer Gynt – Edvard Grieg. Solveig ventar på Peer Gynt, sin utvalde. Ho finn ro, ho håpar, ho trur.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
23. oktober 2021 18:00(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)