Groupa
sun31mar18:00GroupaFOLKEMUSIKK
Om arrangementet
Me ynskjer Groupa v/ Terje Isungset, Jonas Simonson, Mats Edén – velkomen til Kabuso!Bandet som har inspirert ein generasjon svenske musikarar med sin trong til å oppdage og
Om arrangementet
Me ynskjer Groupa v/ Terje Isungset, Jonas Simonson, Mats Edén – velkomen til Kabuso!
Bandet som har inspirert ein generasjon svenske musikarar med sin trong til å oppdage og sitt musikalske talent. I albumserien Kind of Folk held trioen fram med å gjenoppfinne den nordiske folkemusikken – med fokus på Noreg denne gongen.
På kvar sin måte har alle dei tre bandmedlemma sterke band til den norske folkemusikken. Mats sat som tenåring å høyrde på melodiar frå norske spelemenn og hardingfelemusikarar. Seinare studerte han hardingfela og samla på tonar frå både Värmland og Aust – Noreg. Terje er fødd og oppvaksen på Geilo og har spelt folkemusikk sidan barndommen. Jonas lot seg tidleg inspirera av tonespråket i den norske musikken.

Kombinasjonen av nyskapande instrumentering og ei evig-nysgjerrig utforsking av improvisasjon, saman med ein djup kjærleik til tradisjonell nordisk musikk, utgjer Groupa sin folkemusikk – som er av den mest spennande i vår tid. Ved hjelp av munnharpe, hardingfele, fløyte, viola d’amore, perkusjon og trommer, teiknar dei friske fargar og utforskar ein ny musikalsk dimensjon. I lyden av Groupa finn du eit komponert bilete av gårsdagens tradisjonar, dagens lunte og morgondagens moglegheiter.
Vil du høyre litt? Høyr her!
Velkomen til ei spennande musikkoppleving i Kabuso!
Tid
31. mars 2019 18:00(GMT+00:00)
Billettsal
https://kabuso.ticketco.events/no/nb/e/folk_groupa
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)