Gerhard Munthe. Eventyrlige interiører.
sun21jun(jun 21)15:30sun06sep(sep 6)15:00Gerhard Munthe. Eventyrlige interiører.Utstilling
Om arrangementet
21.06.20 – 06.09.2020 VANDREUTSTILLING: EVENTYRLIGE INTERIØRER Ei vakker vandreutstilling og ein verdskunstnar kjem til Hardanger i sommar! Frå 21. juni til 6. september husar me den vakre utstillinga Gerhard Munthe. Eventyrlige interiører.
Om arrangementet
21.06.20 – 06.09.2020 VANDREUTSTILLING: EVENTYRLIGE INTERIØRER
Ei vakker vandreutstilling og ein verdskunstnar kjem til Hardanger i sommar!
Frå 21. juni til 6. september husar me den vakre utstillinga Gerhard Munthe. Eventyrlige interiører. Denne vil du ikkje gå glipp av!
Utstillinga er i regi av Nasjonalmuseets landsdekkende program, og er laga i samarbeid med kuratorene Widar Halén og Jan Kokkin.
Gerhard Munthe var ein særeigen kunstnar, og er mest kjend som biletkunstnar. Men det var kanskje innanfor områdene interiør og design han gjorde sitt mest betydningsfulle og mest nyskapande arbeid. Munthe var inspirert av japanismen, syntetismen og art nouveau, men han var fyrst og fremst nasjonal i sin kunst. Både oldtid og folkekunsten har sett djupe spor i Munthe sine verk og design. Han ynskja seg attende til det heimlege, det norske – og henta inspirasjon frå norsk natur, segn, myter og eventyr til mellom anna vevnader, tapet, møblar, porselen og veggdekorasjoner.
Munthe gjorde ein tydingsfull innsats innanfor romutsmykning og interiør: Håkonshallen i Bergen, Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell, Kunstindustrimuseet i Oslo, Strand gård i Numedal og Cath. Bangs spisestue i Kristiania er mellom dei største. Til desse interiøra laga han ikkje berre veggutsmykninger, men teikna og møbler, dører og anna inventar. Slik vart desse arbeidene blant landets første Gesamtkunstwerk.
Han verka på den internasjonale scenen og hadde «et ord og en stemme med i verdenskonserten», som kunsthistorikaren Andreas Aubert uttrykka det.
Saman med fleire samtidige kunstnare i Europa, bana han veien for den abstrakte og modernistiske kunsten på byrjinga av 1900-tallet, og han reknast i dag som ein av dei mest radikale art noveau-kunstnarene rundt århundreskiftet.
Denne vandreutstillinga gjev eit godt innblikk av Munthe si endelause fantasirikdom og originalitet, og ikkje minst bredden i hans skapargjerning.
Fleire originalverk er med i utstillinga. Eitt eksempel er Eventyrstolen (1898), som opprinneleg sto i Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell. Dette hotellet brann diverre i 1914 – og berre nokre få gjenstander vart redda ut. Interiøret Munthe skapte for Håkonshallen i Bergen i åra 1910-1916 brann i 1944. Fleire reproduksjonar frå Håkonshallen er med i utstillinga, mellom anna den store Kristina-frisen – ei biletforteljing om prinsesse Kristina, syster til Magnus Lagabøte, si ferd til Castilla på midten av 1200-talet – der ho skulle gifta seg med kongens bror.
Publikum får og normalt høve til å prøve seg på veving i utstillinga. Ein vevstol er er sett opp, og for kvar utstillingsstad veks vevnaden. Munthe teikna mykje for vev, og har vore ein viktig person for vevekunsten i Noreg. Kona hans Sigrid var ei dyktig veverske og har vevd fleire av hans design, i likheit med kjende namn som Frida Hansen og Augusta Christensen. Denne publikumsveven vil ikkje kunne nyttast hjå oss av smittevernomsyn, men ein kan sjå vevnaden og ein instruksjonsvideo som er produsert til den.
I tillegg til originalverkene, visast ei rekke reproduksjonar og fotografier av Munthe sine viktigste romdekorasjonar, til dømes kunstnerens egen heim Leveld på Lysaker, Strand gård i Numedal, og altså Håkonshallen. Utstillinga inneheld ein imponerande animasjon over Munthes omfattende dekorasjonar i Håkonshallen, der ein får eit inntrykk av heilskapen i dei utsøkte veggmaleriene, glassmaleriene, portaler, benker med hyndetrekk (putetrekk), eit musikkgalleri, og den nemde Kristina-frisen.
Samtidskunstneren Anders Smebye har i tillegg laga en intervensjon med Munthe sitt Svømmende Havmenn fra Håkonshallen, i form av eit stort teppe.
Det er laga ein førar til publikum i utstillinga, og det følger også med eit eiget aktivitetshefte for barn og unge til utstillinga.
Tid
21. juni 2020 15:30 - 6. September 2020 15:00(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)