GAMALTNYMALT
tys11mai19:00GAMALTNYMALT- rått og ekte, på fem-strengs hardingfeler
Om arrangementet
Grunna smittevernrestriksjonar har konserten med Moldestad/Høgemo/Mjølsnes fått ny dato: Konserten er no planlagt for tysdag 11. mai kl 19. Om billettar: – Kjøpte billettar for 10. april gjeld på den nye
Om arrangementet
Grunna smittevernrestriksjonar har konserten med Moldestad/Høgemo/Mjølsnes fått ny dato:
Konserten er no planlagt for tysdag 11. mai kl 19.
Om billettar:
– Kjøpte billettar for 10. april gjeld på den nye datoen
– Ynskjer du refusjon for kjøpte billettar ta kontakt på post@kabuso.no
– Sjå Kabuso på ticketco.no for billettar til 11. mai
******
Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår – og du kan oppleva dei i Kabuso laurdag 11. mai kl 19!
Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane, er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første (og til no, einaste) plate.
Dei er alle veletablerte musikarar:
Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange.
Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere.
Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.
Oppdatering 5. mai: Einar Mjølsnes har diverre måtte trekka seg frå turnéen. Heldigvis har trioen funne fram til ein særs god vikar; Marin Stallemo Bakke vil ivareta det unike GamanltNymalt-repertoaret på beste vis.
Marin Stallemo Bakke (f. 1994) er frå Kristiansand, men bur for tida i Sogndal der ho underviser hardingfele i kulturskulen. Ho er tidlegare elev av Håkon Høgemo og tek repertoaret til GamaltNymalt på strak arm.
Marin starta å spela fiolin då ho var fem år ved Kristiansand kulturskole. Som niåring byrja ho å spele hardingfele i Kristiansand spel- og dansarlag. Gjennom åra har ho vore elev i ulike talentutviklingsprogram ved Universitetet i Agder, Norges musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt, og enda til slutt opp som student ved Norges musikkhøgskole (NMH), der ho tok både bachelor- og mastergrad med klassisk fiolin som hovudinstrument, og hardingfele som valfag. 3. året og ut studiet på NMH hadde ho timar med Håkon Høgemo.
Marin har ved fleire høve vore hardingfelesolist med både Kristiansand symfoniorkester, Orkester Norden og Oslo Filharmonien.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
11. mai 2021 19:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)