Framtidsforum i Kvam herad
fre28mai19:00Framtidsforum i Kvam heradFøredrag
Om arrangementet
Framtidsforum i Kvam herad FN sine mål for berekraft er verdas felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030. Korleis kan me i Kvam
Om arrangementet
Framtidsforum i Kvam herad
FN sine mål for berekraft er verdas felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030.
Korleis kan me i Kvam arbeida for å nå desse måla?
Føredrag og samtale:
- Professor Finn Gunnar Nielsen, Bergen Offshore Wind Centre/UiB:
Kor mykje straum treng me eigentleg?
Paradigmeskiftet i energisektoren – fortalt gjennom Finn Gunnar Nielsens historie frå petroleumsindustrien til havvind og fornybar energi generelt.
- Professor Finn Gunnar Nielsen, Bergen Offshore Wind Centre/UiB:
- Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa, UiB:
Frå berekraftpins til handling
Me treng eit varmt hjarta og ein klar hjerne for å nå FN sine berekraftsmål. Kva er viktige tiltak og kva er symbolhandlingar? Kva bør me prioritera for samfunnet og som privatpersonar?
Me må bruka ressursar som energi, mat og råstoff på ein betre måte enn me gjer i dag. Men er det naudsynt å gjera alt riktig for å nå måla?
- Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa, UiB:
- Instituttleder Peter Andersen, institutt for geografi/UiB
Kan me redda klimaet med kortreist tradisjonsmat?
Matproduksjonen står for rundt 25% av verdas klimautslepp, og pandemien viser korleis det globale matsystemet kan rammast av uforutsette kriser. Tradisjonsmat som graut, lokal fisk og gryterettar kan ha langt lågare utslepp enn dagens kjøtbaserte hurtigmat. Samstundes finst det ingen gratis lunsj, og ikkje all lokal mat er like klimavennlig. Korleis kan me som forbrukarar bidra gjennom dagleg matlaging? Korleis kan me bygga og vedlikehalda respekt og vitskap om råvarer og kompetanse i matvegen?
Kvelden rundast av med mingling og open kafé
Forumet er ein del av Berekraftverkstad på Storeteigen – med Margrethe K. Brekke (tekstilkunstnar), Jon Gjerde (verdsmeister i akrobatisk hangglider) og Martin Andersen (kunstnaren bak Solspeilet på Rjukan)
Sjå også program på storeteigen.no
>>> Sjå program for fageleg innhald i Kabuso 28. mai (PDF)
Tid
28. mai 2021 19:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)