Fotokurs I
Om arrangementet
Vil du bli ein betre fotograf? Dette kurset høver for deg som er eigar av eit digitalt kamera og ynskjer å verta kjend med korleis nytta dei ulike funksjonane. Målet er
Om arrangementet
Vil du bli ein betre fotograf? Dette kurset høver for deg som er eigar av eit digitalt kamera og ynskjer å verta kjend med korleis nytta dei ulike funksjonane.
Målet er at deltakarane etter gjennomført kurs kan utnytta potensialet som ligg i kameraet. Slik får ein betre bilete og større fotoglede. Fotograf Kjell Herheim er kursleiar. Herheim er ein velkjend fotograf på Voss og var i mange år innehavar av Herheim foto. Sidan 2014 har han hatt ansvar for fotosamlinga ved Voss folkemuseum.
Varigheit: 3 timar pr kurs.
Datoar: 25.10, 26.10 og 27.10.2021.
Maks 5 personar pr kurskveld
Pris: kr. 600,-
Ta med digitalt fotoapparat.
Det vert servert kaffi og lefser.
Påmelding: voss.folkemuseum@hvm.museum.no eller tlf. 47 47 97 94 innan 20. oktober 2021
>>> Sjå kursprogram for Hardanger og Voss museum pr. januar 2021
Tid
25. oktober 2021 18:00 - 21:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)