– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

FINT FRANSK ORKESTER

tors17mar00:00FINT FRANSK ORKESTERChansons, hjerte og smerte00:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Fint Fransk Orkester tek deg med på ei reise bort frå det heile – i Kabuso torsdag 17. mars.

Orkesteret er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.

Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.

Fint Fransk Orkester er:
JOHAN EGDETVEIT trekkspel
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Orkesteret slapp debutalbumet sitt i 2020 – sjekk det gjerne ut på Spotify!

Arr: Kabuso og Vestnorsk jazzsenter

> Sjå nettsida til Fint Fransk Orkester