Filmvisingar
sun21jun(jun 21)00:00sun23aug(aug 23)00:00FilmvisingarUtstilling
Om arrangementet
Som ein del av utstillinga Styrlause prosessar viser Kabuso tre filmar i konsertsalen sommaren 2020. Kunstnarane Leander Djønne og Pierre Lionel Matte sine arbeid vert viste til faste tidspunkt kvar
Om arrangementet
Som ein del av utstillinga Styrlause prosessar viser Kabuso tre filmar i konsertsalen sommaren 2020.
Kunstnarane Leander Djønne og Pierre Lionel Matte sine arbeid vert viste til faste tidspunkt kvar dag huset held ope.
Program:
Kl 11.30: Leander Djønne – Kvardagsstein
Kl 12.00: Pierre L. Matte – Pas de deux
Kl 12.30: Pierre L. Matte – Reisen
Kl 13.00: Leander Djønne – Kvardagsstein
Kl 13.30: Pierre L. Matte – Pas de deux
Kl 14.00: Pierre L. Matte – Reisen
Kl 14.30: Leander Djønne – Kvardagsstein
Kl 15.00: Pierre L. Matte – Pas de deux
Kl 15.30: Pierre L. Matte – Reisen
Tid
21. juni 2020 00:00 - 23. August 2020 00:00(GMT+00:00)
Program
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)