Figurskjering i tre med Kjell Musland
lau06jul12:0016:00Figurskjering i tre med Kjell Musland
Om arrangementet
Laurdag 6. juli, frå klokka 12-16, kjem kunstnaren og figurskjeraren Kjell Musland til Agatunet. Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både
Om arrangementet
Laurdag 6. juli, frå klokka 12-16, kjem kunstnaren og figurskjeraren Kjell Musland til Agatunet. Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både born og vakne kan få prøva kniven sjølve!
Kjell Musland er opphaveleg frå Uskedalen, men bur og arbeidar på Seimsfoss i Rosendal. Han er i dag pensjonist, og har drevet med treskjering sidan han var midt i 20-åra. Han skjerer både med motorsag og kniv, og arbeidar alltid for å oppnår gode uttrykk med færrst mogleg kutt med knivet. Arbeida hans står over heile landet – av dei nest kjende er figuren av Edvard Grieg som står ved Hotel Ullensvang.
Til Agatunet har han med mange av dei flotte og ofte humoristiske figurane sine. Han har med emne og knivar så ein kan prøva sjølve, og har og med slipeutstyr og demonstrerar korleis ein held arbeidsreiskapen kvass.
Dette vert kjekt for både store og små – legg turen innom Asbjørnsløa i Agatunet denne laurdagen!
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)