– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Espen Berg Trio

tors03sep20:00Espen Berg TrioJazz20:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Espen Berg – piano
Bárður Reinert Poulsen – bass
Simon Olderskog Albertsen – trommer

Espen Berg Trio vert gjerne omtala som leiken og engasjerande – og torsdag 3. september kl 20 kan du sjekka ut kvifor!

Pianist Espen Berg har både mottat Norges største jazzpris og skrive bestillingsverk for Trondheim jazzorkester, men det er trioen som er ryggrada i det kunstnarlege virket.
Bandets sine to første utgjevingar Mønster og Bølge kom breiddfulle av kompleks rytmikk, avanserte nordiske harmoniar og melodiske krumspring i amerikansk tradisjon, hovedsakleg signert Berg. Den tredje utgjevinga, Free to play, kom ut på på gjenoppståtte Odin Records i 2019. Musikken på denne plata viser eit endå meir samskapande band, og det let friskt og entusiastisk, energirikt og gøy!

Berg fortel at han brukar trioen som sandkasse for å eksperimentera med ulike rytmiske strukturar og komposisjonsteknikkar, og no er dei blitt ei samspelt eining som både ivaretar jazztrio-tradisjonane og som har ein heilt klar identitet og ein vanvittig driv.

Me ser fram til en utadvendt og temperamentsfull kveld!

 

 

 

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP BILLETT HER

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> Meld di interesse her