Eivind Austad trio
fre20sep19:00Eivind Austad trioJazz
Om arrangementet
EIVIND AUSTAD piano MAGNE THORMODSÆTER bass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer Vanlegvis er Eivind Austad opptatt med å få andre til å låta betre – ikkje minst på Jazzlinja i Bergen der
Om arrangementet
EIVIND AUSTAD piano
MAGNE THORMODSÆTER bass
HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer
Vanlegvis er Eivind Austad opptatt med å få andre til å låta betre – ikkje minst på Jazzlinja i Bergen der han legg til rette for nye generasjonar av musikarar. No er det på høg tid å visa fram at jazzgeneralen på Griegakademiet også er ein fabelaktig utøvar. Med melodisk teft som ein moderne Bill Evans og rytmikk som Keith Jarrett – kombinert med ein grunnleggjande kjærleik til blues og soul, framfører Austad musikk som treff både hjarte og hjerne – enten det er eigne låtar, Cole Porter eller David Bowie.
Med seg i trioen har han bassist Magne Thormodsæter kjend frå Bergen Big Band, samt hundrevis av små og store prosjekt i Bergen, og supertrommeslagar Håkon Mjåset Johansen frå mellom anna Come Shine, Trondheim Jazzorkester og Chick Corea.
Sagt om albumet Moving:
«Stor triodebut! Etter mange år i jazzens teneste debuterer pianist Eivind Austad med eit trioalbum av klasse» (Roald Helgheim, Dagsavisen)
«One of the most beautiful and delicate albums from recent times…» (musenblaetter.de)
English:
Eivind Austad (piano)
Magne Thormodsæter (double bass)
Håkon M. Johansen (drums)
Eivind Austad Trio ia a modern jazztrio based upon originally composed material. The songs are loosely based upon the american jazz tradition as well as european classical music and folk music and consists of strong melodies with harmonic and rhythmic complexity. Among the influences are Bill Evans, Keith Jarrett, Chick Corea and Brad Mehldau. Eivind Austad Trio is characterized by strong instrumentalists, a dynamic interplay and a wide range in their musical expression. The Trio has just finished the recording of their first album in legendary Rainbow Studios in Oslo with legendary sound engineer Jan Erik Kongshaug, which is will be released in march 2016 on the german label Ozella.
Tid
20. September 2019 19:00(GMT+00:00)
Billettsal
https://kabuso.ticketco.events/no/nb/e/wako__oslo_strings__eivind_austad_trio
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)