Utstilling: Dokker i folkedrakt
sun16junsun01sepUtstilling: Dokker i folkedraktDokker i folkedrakt etter Tidemand
Om arrangementet
Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum: kring nydelege 20 dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett! Britt Kjellesvik Rage er
Om arrangementet
Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum: kring nydelege 20 dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett!
Britt Kjellesvik Rage er kunstnaren bak dei vakre dokkene. Ho har studert drakthistorie ved NTNU, og har galleri og verkstad på Våge på Tysnes. Ho er mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter fra Vestlandet og mellomalder. Ho har drevet verkstaden på Breidablikk sidan 2000. No driv ho modulbaserte historiske draktstudier i Danmark.
Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har ho med seg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett. Tidemand arbeida over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1847 med draktstudier – eit studie som er av høg kunstnerisk og kulturell verdi. Tidemand etterlet seg ei stor samling arbeider frå draktstudiene sine, både oljemaleri, teikningar, akvareller og skissebøker. Heile denne samlinga er i dag i Nasjonalgalleriets eie, der mange inngår i basisutstillinga.
Britt Rage kopierar i miniatyr draktene frå Tidemands bilete. Det er arbeid med ein imponerande utføring og detaljrikdom, samvitsfullt gjengjeve til minste detalj. Dokkene har vekt både nasjonal og internasjonal merksemd.
Britt har arbeidd mykje med eldre draktmateriale i ulike kanalar, og i tillegg til å setja opp utstillingar har ho og halde foredrag, skrive artiklar og blogga om emnet. I 1986 publiserte ho boka «Folkedrakter i Sunnhordaland – frå Tysnes på 1800-talet.» Ho har seinare bygd opp ein stor database database over gamle draktplagg frå Tysnes. Prosjektet vart realisert i 2009 som eksamensoppgåve i samband med studiet «Drakt og samfunn 2» på NTNU og Bunad- og folkedraktrådet. Databasen tel no nesten 500 plagg. Dei vert og presentert i ein flott blogg, som du kan besøka her. Ho har hatt ein rekkje utstillingar dei siste 30 åra.
Dette er ein flott utstilling med imponerande handverk, som formidlar kulturarven og drakthistoria vår på ein svært tilgjengeleg måte. Du finn ho på loftet, i kafélokalet!
Tid
16. juni 2019 13:00 - 1. September 2019 17:00(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)