Det merkverdige livet til Larsine Schlanbusch (1813-1888)
tors19mai19:0021:00Det merkverdige livet til Larsine Schlanbusch (1813-1888)
Om arrangementet
Larsine Schlanbusch (1813–88) var ei av dei mektigaste og mest velståande kvinnene på Voss på 1800-talet. Ho var gift med gjestgjevar Theodor Schlanbusch, som mellom anna dreiv den vidgjetne skjenkestova
Om arrangementet
Larsine Schlanbusch (1813–88) var ei av dei mektigaste og mest velståande kvinnene på Voss på 1800-talet. Ho var gift med gjestgjevar Theodor Schlanbusch, som mellom anna dreiv den vidgjetne skjenkestova Skrumpen. Etter at Theodor døydde overtok Larsine eigedomane hans. Skrumpen selde så mykje brennevin at heradet måtte stoppa salet i 1864. Som eit vederlag for dette fekk Schlanbusch 150 spesidalar i årleg godtgjersle frå heradet. Det tilsvara åtte lærarløner.
Den 19. mai held Eirik Helleve foredrag om Schlanbusch. Me kan lova ein spanande kveld, der me mellom anna er innom stikkord som kjøp og sal av Vangskyrkja, krigar på to kontinent, lokalt reiseliv og høgt alkoholforbruk. Og sjølvaste Ivar Aasen dukkar òg opp i ei lita birolle.
Pris: kr 150 / 100 (medlem)
Tid
19. mai 2022 19:00 - 21:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)