– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Dei gamle instrumenta

sun30okt14:30sun16:00Dei gamle instrumenta14:30 - 16:00(GMT+00:00)

Kenneth Lien og Rasmus Kjorstad

Om arrangementet

Velkomen til ei rykande fersk førestilling i Årestova på Mølster! I det særprega rommet tek Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien oss med på ei leiken hylling av nokre av dei eldre folkemusikkinstrumenta i Noreg. Dei serverer spenstige, fine og rare slåttar og morosame, alvorlege og skumle forteljingar knytte til instrumenta.
Konserten er ein samproduksjon mellom Osafestivalen og Rikssenen, produsent er Hans Martin Austestad.
Kenneth Lien – munnharpe, langeleik, lyre, fløyter
Rasmus Kjorstad – Langeleik og munnharpe
Konsertbillett på: osafestivalen.ticetco.events
Årestova er ei av to på Mølstertunet og er frå kring1600. Den var opphaveleg bustadhus men frå 1732 vart det brukt som eldhus. Heile Mølstertunet vart freda av Riksanktikvaren allreie i 1923.
Vil du kombinerer med eit museumsbesøk før konserten? Vis billetten og få studentpris til utstillingar og tun. Me har ope frå kl 12 på sundagen.

Tid

(Sundag) 14:30 - 16:00(GMT+00:00)