Danse, sa fela! Familieførestilling
sun01sep12:0013:00Danse, sa fela! Familieførestilling
Om arrangementet
Bli med på ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet.
Om arrangementet
Bli med på ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel!
Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøver ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.
Osascena inviterer til ei eventyrleg familieframsyning med dans, musikk og forteljing av og med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet. Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er dansar utdanna ved Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho vart utnemnt til Årets Folkemusiker i 2015, og i 2011 vart ho som fyrste kvinne i Noreg kvalifisert til eliteklassa i hallingdans.
Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna ved Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho har turnert i land som Pakistan, Nepal og Storbritannia, og vore mykje brukt som kurshaldar og til formidling av den tradisjonelle musikken og dansen i både skulen og andre arenaer.
Førestillinga er særskilt støtta av Vekselbanken på Voss og er eit sambeid mellom Osafestivalen og Voss folkemuseum.
Sundag 1. september er aller siste høve til å testa ut dei ulike dansestasjonane i utstillinga Musea dansar! Alle som har kjøpt billettar til framsyninga kan gå i utstillinga etterpå. Evt gå ut i tunet der alle husa er opne og ein kan prøve stylter, utkledning og ulike klyppe oppgåver. Kafeen er open med nysteikte lappar, is, brus, kaffi og kaker.
Tid
1. September 2019 12:00 - 13:00(GMT+00:00)
Program
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)