Danseførestilling: Føniks
ons08mai12:2912:29Danseførestilling: Føniks
Om arrangementet
Storeteigen byr på utandørs danseførestiling – hald av laurdag 8. juni kl 14 for ei oppleving utanom det vanlege! Danseframsyninga byggjer på myten om Fugl Føniks som brenn ut, døyr og deretter
Om arrangementet
Storeteigen byr på utandørs danseførestiling – hald av laurdag 8. juni kl 14 for ei oppleving utanom det vanlege!
Danseframsyninga byggjer på myten om Fugl Føniks som brenn ut, døyr og deretter gjenoppstår frå si eiga aske. Koreograf Marit Loe Bjørnstad arbeider med inspirasjon frå regenerativ dyrking, og undersøker korleis jord som metafor for kropp, dans og kunnskap kan overførast til ein kunstnerisk prosess. Det har resultert i eit vitalt og leikent uttrykk som samtidig gir publikum rom til å dvele ved det som utspeler seg. Publikum står fritt til å røre seg slik dei ønsker i sceneområdet.
I tillegg til Storeteigen vert Føniks i år vist under Generasjonsfestivalen (Bergen), Moster 2024 (Bømlo), Polleringshagen (Øygarden) og Vingarden på Jølst (Sunnfjord).
Føniks er eit vestlandsprosjekt og skal dei komande åra visast i alle kommunane i Vestland fylke.
Forestillinga er gratis og open for alle.
Kunstnarleg medverkande:
Koreograf og prosjektleiar: Marit Loe Bjørnstad
Dansarar: Brita Grov, Berit Einemo Frøysland, Elisabeth Breen Berger, Katja Nyquist, June Katrine Lysjø
Kostyme: Natalie Seifert Eliassen
Dramaturg: Gulli Sekse
Produsent: Bergen Dansesenter ved Sølvi Katrine Andersen
Co-produsent: Teater Vestland ved Cecilie Grydeland Lundsholt
Føniks er skapt med tilskot frå Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere og Bergesenstiftelsen.
Trailer frå forprosjektet: Rett Vest AS
Foto: Thor Brødreskift
Tid
8. mai 2024 12:29 - 12:29(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)