Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet
ons20nov18:0020:00Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet
Om arrangementet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.TEMAKVELD 2: VESTLANDSLOFTET Loftet er ein tradisjonell
Om arrangementet
TEMAKVELD 2: VESTLANDSLOFTET
Program onsdag 20. november:
- kl. 18:00 Introduksjon ved Gunnar Hemre Ringheim
- kl. 18:10 (Middelalder-)loftet på Vestlandet, føredrag ved Anne Kristin Moe
Anne Kristin Moe er etnolog med ei stor interesse for den førindustrielle bondekulturen. Ho har tidlegare arbeidd som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum i Oslo, og er no museumsleiar for Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Ho er spesielt interessert i bygningar som er ulike på Austlandet og Vestlandet, og loft er ein av dei bygningstypane. I føredraget vil ho snakka om loftet som bygningstype, utbreiing, korleis dei tradisjonelt vart brukt og ikkje minst, at det stadig blir fleire loft på Vestlandet som syner seg å vere eldre enn det ein tidlegare har trudd. - kl. 19:00 ny/vidare bruk.
Andre del av kvelden vil handla om ny/vidare bruk av lofta med nokre eksempel frå Voss. - kl. 19:30 «ei natt på museet»: omsyning i lofta på tunet
Etter førelesingane vert det lagt opp til spesialomvising i dei to bualofta på Mølstertunet. Her er det både mørkt og kaldt, så kle deg godt og ta gjerne med ei lommelykt om du har.
LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
20. November 2024 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)