Bornas Kabuso
lau16feb12:00Bornas KabusoKreativ verkstad
Om arrangementet
I denne verkstaden skal me måla på papptallerkar og gjera dei om til dyr og dyrefjes. Lag di eiga dyremaske. Kanskje skal den vera skummel eller søt. Du bestemmer. I
Om arrangementet
I denne verkstaden skal me måla på papptallerkar og gjera dei om til dyr og dyrefjes. Lag di eiga dyremaske. Kanskje skal den vera skummel eller søt. Du bestemmer. I filmkroken får de høyra og sjå eventyr fortald av Odd Børretzen. Drop innom mellom 12 og 14 for ei hyggeleg stund i Kabuso.
Bornas Kabuso: kunst- og filmklubb er eit månadleg tilbod til born i Kabuso. Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2019. Vaksne går gratis i følge med born. Inga aldersgrense, inga påmelding. Passar for alle.
Tid
16. februar 2019 12:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)