Bornas Kabuso
lau18des12:00Bornas KabusoJulefilm: Polarekspressen
Om arrangementet
Oppdatert 8. desember: Det vert julefilm i år og (sjå smitteverntiltak under): Polarekspressen Lengd 1 t. 40 min. Aldersgrense 6 år NB! Det er lagt ut billettar for sal på TicketCo.
Om arrangementet
Oppdatert 8. desember:
Det vert julefilm i år og (sjå smitteverntiltak under): Polarekspressen
Lengd 1 t. 40 min.
Aldersgrense 6 år
NB! Det er lagt ut billettar for sal på TicketCo.
I tråd med smitteverntiltaka er annakvart sete tilgjengeleg, men det er likevel høve for husstandsmedlemer å setja seg saman ved ankomst. Pass då på at det er eit ledig sete mellom dykk og andre gjester.
Bruk munnbind ved inn-/utgang og elles der det ikkje er mogeleg å halda avstand.
Den planlagde aktiviteten etter filmen utgår diverre som ein del av smitteverntiltaka.
______________________
Om filmen:
På sjølvaste julekvelden ligg Chris i senga og tviheld på trua om at julenissen skal komma på ein gåverik visitt, då han plutseleg høyrer eit dundrande brøl. Utanfor på gata stansar eit skinnande, svart tog. Det er starten på den utrulege reisa til Nordpolen.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born med kring 4 arrangement i halvåret.
Medlemsskap kostar 70 kroner, som gir gratis inngang til alle arrangementa i klubben.
Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
18. desember 2021 12:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)