– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Aksel Røed trio

tors08feb19:00Aksel Røed trioJazz19:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Hald av torsdag 8. februar kl 19 for jazz med Aksel Røed trio!

AKSEL RØED saksofonar
MAGNE THORMODSÆTER bass
TORE LJØKELSØY trommer

Rykande ferske og tidenes yngste Vossajazz-pris-vinnar Aksel Røed tar med seg Magne Thormodsæter (bass) og Tore Ljøkelsøy (trommer) på turné til mellom anna Øystese.
Sjølv om dei tøyer strikken, så er det ikkje tvil om at inspirasjonen er henta frå den rike jazztradisjonen på 50- og 60-talet – med felles referansar i Ornette Coleman, Sonny Rollins, Sam Rivers og Coleman Hawkins.
Trioen komponerer på sparket – men har latt det gå sport i å sjå kor lenge strekka kan framstå som planlagde.
Undervegs går det både fort og sakte – mange balladar, nokre raske låtar, heile tida i tett og virtuost samspel.

Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge musikarane i Noreg i dag, med band som General Post Office, Other Aspects og Knut Kristiansen kvartett. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen.
Magne Thormodsæter har gitt seg til kjenne i ei rekkje viktige prosjekt i både inn- og utland, mellom anna Hildegunn Øiseth Kvartett, The Inventio Ensemble og Bergen Big Band, samt som ein premissleverandør i opplæringa av nye musikarar som lårar på Griegakademiet.
Tore Ljøkelsøy har hurtig spelt seg inn på elitelaget til norsk jazz med band som Bel, Lyder Røed Kvintett, Tore Ljøkelsøy kvartett og andre band som Local Store.

Aksel Røed Trio på Spotify.

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP