Tradisjonsbrygging av øl. Foredrag og ny bok av Lars Marius Garshol
ons10mai18:0020:00Tradisjonsbrygging av øl. Foredrag og ny bok av Lars Marius Garshol
Om arrangementet
Brygging av øl på gardane har vore ein viktig tradisjon i Noreg i svært lang tid. Likevel finns det få systematiske skildringar av historikken og variasjonen knytt til dei ulike
Om arrangementet
Brygging av øl på gardane har vore ein viktig tradisjon i Noreg i svært lang tid. Likevel finns det få systematiske skildringar av historikken og variasjonen knytt til dei ulike områda.
Lars Marius Garshol har forska på ølbrygging i meir enn 9 år. No er han klar med ny bok og onsdag 10. mai kjem han til oss. I den siste boka tek Garshol eit djupdykk i feltet og me vil få innblikk i nokre av dei viktigaste funna. For eksempel: Kvifor var Vestlandet – ølkulturelt sett – egentlig to ulike regionar? Korleis kan me sjå at geografiske tilhøve er spegla i den tradisjonelle gjæren?
Du er velkomen til å høyre meir om tradisjonar og variasjonar onsdag 10/5 kl 18 Etter føredraget vert det boksignering.
Billettpris: 150/100 (medlem)
Tid
10. mai 2023 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Program
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)