Har du sett nokon gammal kjerring?
ons24aug18:00Har du sett nokon gammal kjerring?Familieførestilling
Om arrangementet
Ta med familien på song og forteljeførestilling på Skredhaugen – onsdag 24. august kl 18! Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte
Om arrangementet
Ta med familien på song og forteljeførestilling på Skredhaugen – onsdag 24. august kl 18!
Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar.
Ein dag fekk ungane dela frukthagen mellom seg, men då gløymde dei minste syster si, så ho fekk berre eit einaste lite tre. Brått ein dag kom det ei gammal kjerring.
Med utgangspunkt i eventyret «Epletreet til den minste prinsessa» har Astri Sudmann og Kari Finne Sognnæs laga ei song- og forteljeførestilling.
Songane som blir brukt er stort sett lokale folketonar, der ungane får vera deltakande. «Har du sett nokon gammal kjerring?» handlar om venskap, og verdien av å dela med dei rundt seg.
Medverkande:
Astri Sudmann – forteljing og song
Kari Finne Sognnæs – song og rytmeinstrument
I samarbeid med hardingfela.no
Tid
24. August 2022 18:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)