AVLYST! Kulturminnedagen
sun13sep13:0017:00AVLYST! KulturminnedagenUsikkert arrangement grunna korona
Om arrangementet
NB! Kulturminnedagen har vore planlagt å skulle gå av stabelen sundag 13.9. Av di koronarelaterte restriksjoner ikkje har vore letta vert arrangementet vanskeleg å gjennomføra slik me ynskjer – så
Om arrangementet
NB! Kulturminnedagen har vore planlagt å skulle gå av stabelen sundag 13.9.
Av di koronarelaterte restriksjoner ikkje har vore letta vert arrangementet vanskeleg å gjennomføra slik me ynskjer – så me ser oss nøydd til å avlysa.
Her vert det mange kjekke aktivitetar for store og små, som de både kan sjå på og delta i. Meir info om kva aktivitetar kjem.
Det vert familiekonsert med Kari Finne Sognnæs og Ellen Marie Selland Geithung.
Barnekaféen «Det gyldne eple» er og ope. Her styrer borna sjølve butikken med sal av eplemuffins og eplesaft.
Det vert sal av eldhuspizza, eplesaft og kaffi frå eldhuset.
Kuturminnedagane markerast over heile landet i perioden 5-13.9.20. Årets tema er Lære, bruke, bære.
Velkomne!
NB! Museet med utstillingar og butikk er ope frå 13-17. Kaféen er ope frå 13:30-17.
Tid
13. September 2020 13:00 - 17:00(GMT+00:00)
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)