Jubileumsfeiring! 100 år sidan freding av Mølstertunet
tys06jun10:0019:00Jubileumsfeiring! 100 år sidan freding av Mølstertunet
Om arrangementet
6. juni 2023 er det nøyaktig 100 år sidan Mølstertunet vart freda av Riksantikvaren. Tunet var det fyrste heile gardstunet som vart freda på Vestlandet.
Om arrangementet
Museet opnar kl 10 med gratis inngang for alle og omvisingar kvar heile time til kl 15.
Tid
6. juni 2023 10:00 - 19:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)