Eventyrlege Mølster

Mølster for born
Velkommen til Eventyrlege Mølster, for små og store born! Gå på stylter, kos deg i eventyrkroken, bygg eit mini Mølsterhus, les i bøker, eller kle deg ut i gamaldagse klede. Korleis er det å gå med ekte sko av tre?
Me har sauer som går på beite kring tunet før dei reiser til fjells.