Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet
ons20nov18:00ons20:00Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet
Om arrangementet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.TEMAKVELD 2: VESTLANDSLOFTET Loftet er ein tradisjonell
Om arrangementet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.
TEMAKVELD 2: VESTLANDSLOFTET
Loftet er ein tradisjonell bygningstype i to etasjar, kjend i Noreg frå tidleg mellomalder. Som oftast har det eitt rom i kvar etasje, men kan også ha fleire. Øvste etasjen har gjerne vore brukt til oppbevaring av klede og kister og som soveplass for gjester, medan underetasjen fungerte som lager for mat og forsyningar, ofte kalla «bu» eller «bur.» På vanlege gardar var loftet den mest forseggjorte bygningen og gjerne sett på som både skattkammer og stasstove. Voss har ei særstilling med mange bevarte loft, og her er nemninga «bualoft» vanleg.
Men kva er statusen til lofta på gardane i dag? Er dei i bruk eller står dei som tomme tidsdokument? Kva moglegheiter finst for lofta på gardane i framtida? Etnolog og museumsleiar Anne Kristin Moe tek oss med gjennom historia til (Middelalder-)loftet på Vestlandet medan andre del av kvelden er via til ny/vidare bruk av bygningstypen.
Program onsdag 20. november:
- kl. 18:00 Introduksjon ved Gunnar Hemre Ringheim
- kl. 18:10 (Middelalder-)loftet på Vestlandet, føredrag ved Anne Kristin Moe
Anne Kristin Moe er etnolog med ei stor interesse for den førindustrielle bondekulturen. Ho har tidlegare arbeidd som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum i Oslo, og er no museumsleiar for Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Ho er spesielt interessert i bygningar som er ulike på Austlandet og Vestlandet, og loft er ein av dei bygningstypane. I føredraget vil ho snakka om loftet som bygningstype, utbreiing, korleis dei tradisjonelt vart brukt og ikkje minst, at det stadig blir fleire loft på Vestlandet som syner seg å vere eldre enn det ein tidlegare har trudd. - kl. 19:00 ny/vidare bruk.
Andre del av kvelden vil handla om ny/vidare bruk av lofta med nokre eksempel frå Voss. - kl. 19:30 «ei natt på museet»: omsyning i lofta på tunet
Etter førelesingane vert det lagt opp til spesialomvising i dei to bualofta på Mølstertunet. Her er det både mørkt og kaldt, så kle deg godt og ta gjerne med ei lommelykt om du har.
Det vert lagt opp til samtale og diskusjon.
Pris 120 kr
LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK
Førelesningsrekka har som formål å kasta lys over bygningstypologiane i regionen, som loft, røykstover, løer, bygdesager, potetkjellarar, naust, florar, lemstover, skykkjer, m.m. Målet er å skapa auka forståing for den historiske verdien desse bygningane representerer, samt å inspirera til innovativ bruk og moderne tilpassing. Kvar temakveld er todelt. Fyrste del tek føre seg ei historisk og teknisk gjennomgang medan andre del tek føre seg notidig relevans og (ny/vidareført) bruk.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Ting billettar herTid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Program
Denne månaden
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.
I 2025 er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa til USA. I samarbeid med Memoar og Fjellkoret opnar museet jubileumsmarkeringa med å invitere til forteljarkveld med utvandringshistorie frå Voss og omland som tema.
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Foto: Utanfor forretninga til Odd K Glimme i Madison, Wisconsin. Odd (f.1881) til høgre saman med nevøen Johannes R. Glimme (f.1895). Utlånt av Marit Olaug Haug.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)