Føredrag om Munthe av Jan Kokkin
sun30aug15:30sun16:30Føredrag om Munthe av Jan KokkinEventyrlig design
Om arrangementet
Velkomne til føredrag om Gerhard Munthe – av kunsthistorikar og kurator Jan Kokkin.
Om arrangementet
Velkomne til føredrag om Gerhard Munthe – av kunsthistorikar og kurator Jan Kokkin.
Fram til 6.9.20 står den flotte vandreutstillinga Gerhard Munthe – Eventylige interiører hjå oss på Hardanger folkemuseum.
Sundag 30.8.20 klokka 16 kjem kunsthistorikar Jan Kokkin, som saman med Widar Halén har kuratert utstillinga, til museet for å halda føredrag om denne spennande kunstnaren.
Gerhard Munthe (1849-1929) gjorde sin største og viktigaste innsats som designar, og vert i dag rekna som ein sentral art nouveau-kunstnar og ein forløpar for modernismen.
Kunsthistorikar Jan Kokkin tar i føredraget «Gerhard Munthe – eventyrlig design» for seg kunstnarens tyding for utviklinga av ein nasjonal design basert på gamal norsk folkekunst. Munthe laga førelegg til billedvev, tapet, porselen, sylv og møblar. Ein sentral del av arbeida hans var dei kring 20 rominteriøra med veggmåleri, brystningar, glasmåleri og møblar han laga mellom 1898 og 1917. Dei største og viktigaste er Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell og Håkonshallen i Bergen, som begge diverre gjekk tapt i brann.
Jan Kokkin er mag.art. i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo. Han er frilans kurator og forfattar. Kunstkritikar i Dagens Næringsliv 1992-2001 og Morgenbladet 2002-04. Dagleg leiar i Kunst på Arbeidsplassen 1991-2009. Han har gitt ut Gunnar S. Gundersen. En banebrytende etterkrigsmodernist (2020), Gerhard Munthe. En norsk designpioner (2018), Mathias Skeibrok – mytologi og realisme (2012), Gerhard Munthe – en radikal stilskaper (2011), Eilif Peterssen. Mellom stemninger og impresjoner (2009). Medforfatter av Inger Sitter. Grafikk. Oeuvrekatalog (2016), Rodin og Norge (1998) og Eros i Gustav Vigelands kunst (1996). Kokkin har og vore kurator og medkurator for fleire utstillingar av norsk og internasjonal kunst.
Billettar: 150,- (inkluderar utstilling og føredrag)
Tid
(Sundag) 15:30 - 16:30(GMT+00:00)
Program
Denne månaden
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.
I 2025 er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa til USA. I samarbeid med Memoar og Fjellkoret opnar museet jubileumsmarkeringa med å invitere til forteljarkveld med utvandringshistorie frå Voss og omland som tema.
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Foto: Utanfor forretninga til Odd K Glimme i Madison, Wisconsin. Odd (f.1881) til høgre saman med nevøen Johannes R. Glimme (f.1895). Utlånt av Marit Olaug Haug.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)