Tilgjenge på Voss folkemuseum
Voss folkemuseum får ros for god tilrettelegging

Representantar frå Sunnaastiftelsen vitja Voss folkemuseum. Montrane i verktøyutstillinga er gjenbruk og gjeve i gåve frå Nasjonalmuseet. Foto: Åsmund Aarsand, Visit Voss
Voss folkemuseum fekk nyleg besøk av representantar frå Sunnaasstiftelsen som del av eit større prosjektarbeid for å utvikla tilgjengelege reisemål for folk med funksjonsutfordringar i Noreg.
Representantane kom saman med Visit Voss som ved Hardanger og Voss Næringshage er plukka ut som pilot-destinasjon. På museet fekk dei høve til å testa løysingar og vurdera korleis utstillingar og bygningar fungerer i praksis. I etterkant melder Sunnaasstiftelsen at dei opplevde Voss folkemuseum som særleg godt tilrettelagt, og løfta blant anna fram utstillingshøgd og framkomst som døme.

Representantane var nøgde. Foto: Åsmund Aarsand, Visit Voss
Viktige tilbakemeldingar
Museet set stor pris på tilbakemeldingane. For oss er det både inspirerande og viktig å få høyrt direkte frå brukarane. Museet vil halde fram med å jobba målretta med universell utforming av både utstillingar, bygg og informasjon om dette på nettsida.
Korleis er me tilgjengelege
- Me har heis opp til dei permanente utstillingane i 2. etg
- Me har utstillingar med lave montre
- Handikaptoalett
- Me har inngangsdører med dørpumpe
- Parkering ved museet
- Kafé og museumsbutikk i 1. etg