

Program

Om arrangementet
I slutten av mars 2023 opna museet jubileumsutstillinga 50 år med Vossa Jazz! I utstillinga kan du få innblikk i livet både på og bak scena frå fyrste festivalen i
Om arrangementet
I slutten av mars 2023 opna museet jubileumsutstillinga 50 år med Vossa Jazz! I utstillinga kan du få innblikk i livet både på og bak scena frå fyrste festivalen i 1974 og fram til i dag.
Korleis starta det heile? Kva var viktige milepelar? Kva har festivalen tydd for Voss og finn me ein suksessfaktor bak den vitale 50 åringen?
Det vert mellom anna gjensyn med plakatar av ulike festivalkunstnara, gjenhøyr med alle dei fantastiske Tingingsverka «backstage» og festivaltelt for born. Utstillinga står til 31. desember 2023,
Utstillinga er produsert i samarbeid med Vossa Jazz og med støtte frå Voss Sparebank og Voss Herad.
Tid
Mars 30 (Torsdag) 12:00 - Desember 31 (Sundag) 15:00
ons27sep18:00ons21:00Kurs: Historiske kjelder18:00 - 21:00

Om arrangementet
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt? Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler røynslene
Om arrangementet
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt?
Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler røynslene sine på dette tre-timars kurset.
Kanskje vert du inspirert til å skriva ein artikkel sjølv?
Pris: kr 600
Påmelding til voss.folkemuseum@hvm.museum.no innan 25. september 2023
Tid
(Onsdag) 18:00 - 21:00