Vinterferie på Hardanger fartøyvernsenter
tys25feb(feb 25)11:00fre28(feb 28)14:00Vinterferie på Hardanger fartøyvernsenter
Om arrangementet
Tysdag 25. mars til fredag 28. mars kl. 11-14 har me vinterferieaktivitetar på Hardanger fartøyvernsenter. Me legg opp til hyggelege aktivitetar i kaféen, der me skal bruke hendene og være kreative.
Om arrangementet
Tysdag 25. mars til fredag 28. mars kl. 11-14 har me vinterferieaktivitetar på Hardanger fartøyvernsenter.
Me legg opp til hyggelege aktivitetar i kaféen, der me skal bruke hendene og være kreative. Du kan du mellom anna prøve deg på å lage ditt eige string-art bilde. Her vel du sjølv mønster, spikrer ei treplate og formar bildet med snor!
Me skal og prøve oss med makremé, og du kan og få male din eigen kopp, eller teikne fine teikningar med våre nye fantasi-ark. Som vanleg er der ope i museumsbutikken, der du kan forsyne deg med kaffi/te eller litt godt, og du kan og ta ein kikk rundt i verkstadane.
Velkomen til kjekke dagar!
Kr. 70,- pr. born (inkluderer alt av materiell og aktivitetar)
Tid
25 (Tysdag) 11:00 - 28 (Fredag) 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)