Vil du læra meir om eldre høvlar?
sun01mar14:0015:31Vil du læra meir om eldre høvlar?
Om arrangementet
Sundag 1. mars kl 14 inviterer museet til workshop med tradisjonshandverkar Peter Helland-Hansen i verktøyutstilliga Frå skog til drake. Du får vita meir om høvelen si rolle innan handverk: om høvlar
Om arrangementet
Sundag 1. mars kl 14 inviterer museet til workshop med tradisjonshandverkar Peter Helland-Hansen i verktøyutstilliga Frå skog til drake.
Du får vita meir om høvelen si rolle innan handverk: om høvlar til ulike formål som pusshøvel, staffhøvel, suhøven med meir. Dessutan vert det demonstrasjon av oppsetting av høveltanna med slipestein og bryne-demonstrasjon.
– Høvelen er litt som eit instrument som må stemmast for å fungere skikkeleg, seier Peter.
Du får sjå bruk av ulike høvlar og arbeidsteknikk. Det blir høve til å stille spørsmål og nokon blir med i høvlinga!
Peter arbeider til dagleg som småbåtbyggar og formidlar på Hardanger fartøyvernsenter. I tillegg til utøving har han gjennom mange år jobba med dokumentasjon og formidling av handverk. Mellom anna gjennom å arrangere årlege verktøyseminar der deltakarane lagar sin eigen høvel.
Billettar
Gratis inngang for medlemmer i museet og i Fortidsminneforeinga Voss lokallag. Elles ordiner billettpris kr 125 (student 75,-).
—
Etter workshop ynskjer Fortidsminneforeninga Voss lokallag vel møtt til årsmøte.
15:15 Restaureringsarbeidet med kunstnarheimen Tintrabakken, Helena Bu og Magnus Dagestad sin heim ved Vosso. Ved Ingebrigt Nesheim og Laila Rynning Veum.
15: 45 Årsmøtesaker
Stad: Olavsstova.
Arrangement i samarbeid med Fortidsminneforeinga Voss lokallag og Voss herad.
Tid
1. mars 2026 14:00 - 15:31(GMT+00:00)
Program
febKom på museet i vinterferien!
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar. Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar.
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar.
Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar. Hjarteleg velkomen!
Tid
Arrangement som går heile månaden (februar)(GMT+00:00)
marKom på museet i vinterferien!
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar. Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar.
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar.
Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar. Hjarteleg velkomen!
Tid
Arrangement som går heile månaden (mars)(GMT+00:00)