På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund
tors28okt19:0020:00På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund
Om arrangementet
Aleksander Nordahl (49) har fridykka seg gjennom verdas hav, fjordar og innsjøar. Det starta som eit journalistisk prosjekt, men har etter kvart vorte eit storslått
Om arrangementet
Aleksander Nordahl (49) har fridykka seg gjennom verdas hav, fjordar og innsjøar. Det starta som eit journalistisk prosjekt, men har etter kvart vorte eit storslått kunstprosjekt «På ett pust». Gjennom bileta utforskar Aleksander ei verd under vatn me skjeldan får oppleve, på nytt og utradisjonelt vis, alt på eitt pust og berre med hjelp av si eiga lungekapasitet.
Ei magisk og stille verd kjem til uttrykk i undervassbileta hans. Ein dykkar fanga mellom notid og fortid. Falne tre og gigantiske kvalar.
Aleksander er pressefotografen som har skildra menneskeleg godheit, men også vondskap og lidingar frå krigen. Gjennom kamera har han sett og fortald i 30 år. Bileta hans har fått fleire utmerkingar og prisar. I 2002 fekk han den prestisjetunge prisen «World Press Photo», Children`s award for det ikoniske bilete av Tre søstre i Afganistan. Han har også vunne hovudprisen Årets Bilde to gonger, seinast i 2017 med eit bilete frå Syria. Seinast i år blei bilta hans av kvitkvalen Hvaldimir nominert til Sony World Photography Awards.
Det er ein stor kontrast frå blodige gater i Aleppo i Syria til stille vatn i Noreg, under isen eller i møte med gigantiske kvalar i Atlanterhavet. Men på alle stadene får fotografen bruk for å behalde roen fordi alle bileta under vatn vert teke på eitt pust.
Aleksander gjer alt for å fange augneblinken om det er over eller under vatn. Med prosjektet «På ett pust» har han tatt steget inn i kunstverda, og hatt fleire utstillingar til god kritikk.
I dette føredraget fortel fotografen om prosjektet, viser bileta og fortel kvifor og korleis bileta har vorte til.
«Bileta er prega av ein djup respekt når dei er frå eit miljø der eg ikkje høyrer heime, og eg må stole på eigen lungekapasitet. Eg er berre på besøk – og på lånt tid.»
Gå ikkje glipp av ein særs fascinerande føredragskveld som utan tvil vil få deg til å halde pusten.
Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk
Velkomen!
Tid
28. oktober 2021 19:00 - 20:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun30nov12:0015:00Adventsstund på museet
Om arrangementet
Sundagane i advent ynskjer me spesielt velkomen til små og store born på museet. Nissen på Mølster har rota det til før jol! No har han mista fleire
Om arrangementet
Sundagane i advent ynskjer me spesielt velkomen til små og store born på museet.
Nissen på Mølster har rota det til før jol! No har han mista fleire av tinga sine rundt om i husa på Mølstertunet. Kan du hjelpa å finna dei? Bli med på jakt i tunet og du vert med i trekning av jolegåver.
Ute på tunet er det god steming med både joletre og lys – me satsar sjølsagt på at snøen er komen.
Går du bort i hovedbygget er det rigga til ein liten verkstad i Olafsstova. I kafèen kan du kjøpa nysteikte kakemenn og gløgg. Kanskje finn du ei annleis jolegåve i butikken?
Gratis inngang for born (u.16) i følgje med vaksne.
Ta med deg borna og få avdentsstemning på Voss folkemuseum.
Sundagane kl 12 – 15 i tida frå 30/11 til 21/12.
Tid
30. November 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
sun07des12:0015:00Adventsstund på museet

7. desember 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
sun14des12:0015:00Adventsstund på museet

14. desember 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
sun21des12:0015:00Adventsstund på museet

21. desember 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)