– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Open dag på Nesheimstunet

sun22sep12:00sun15:00Open dag på Nesheimstunet12:00 - 15:00(GMT+00:00)

Gamle trehus, ved vatn, skifer på alle tak, sommar, himmel med skyer, voss

Om arrangementet

Sundag 22. september opnar me dørene til husa på Nesheimstunet, eit av våre tre autentiske tun. Kanskje er tunet òg vårt vakraste.

Nesheimstunet er einbølt, garden har altså ikkje vore oppdelt slik dei fleste gardane på Voss var. Her kan ha vore eit høvdingsete i vikingtida. Der er påvist fleire gravfunn – både kistegraver og branngraver- som fortel om gamal heidensk kultur. I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus, samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie. Alle tre husa har vore nytta som bustadhus, for så å endra funksjon etter kvart som nye hus har kome til. I eldhuset er det både åre og røykomn, og dette er den einaste røykomnen som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe. Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948 og i 1970 vart tunet overteke av Voss folkemuseum.
Program for dagen
Kl 12 – 15 Dørene opnar.
I stovehusa, i loftet og framom stallen vil ulike fagfolk stå klare til å snakka om gardshistorie, skifer, byggeskikk og dei ulike hustypane me finn i tunet.
kl 13 Familieframsyning med Astri Sudmann og Kari Finne Sognnæs.
Kafè med sal av lappar, kaffi og saft heile dagen.
Gratis inngang til museet, kr 70 pr pers til framsyninga.
Slik kjem du til Nesheimstunet: tunet ligg omlag 16 km frå Vossevangen. Avkøyring frå E16 ved Tvindefossen. Derifrå kan du følgje skiltinga. Det kan verta fullt på parkeringa, har du høve til å sykla eller gå er det truleg eit godt val.
Me håpar mange nyttar høvet til å verte kjende med denne kulturhistoriske perla på Voss.

Tid

(Sundag) 12:00 - 15:00(GMT+00:00)

Stad

Nesheimstunet museum