Og fjorden der nede blir ved å gå videre mot havet, og blandes med alle verdens vann
Om arrangementet
Medverkande kunstnarar: Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri,
Om arrangementet
Medverkande kunstnarar:
Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer
Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet: Kva er Hardanger i dag og kva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur?
Dei siste to åra har kunstnarane reist rundt i Hardanger. Dei har sett gjennom samlingane etter bilethoggar Ingebrigt Vik og botanikar Johan Havaas, lest seg opp på rapportar og litteratur og tolmodig granska vokstrar og landskap, vitskap og folkloristikk. Det ikoniske og politiske ved landskapet i Hardanger var tidleg tilstade i nasjonsbygginga, og ideen om kven vi er og korleis me forvaltar arva, er ikkje ferdig snakka. Heller ikkje her. Kva ser me der me ferdas og kva for forteljingar skapar me ut av det me ser?
Tittelen på utstillinga er henta frå Renæssance, ei novelle Hans E. Kinck publiserte i 1899.
Kurator: Sissel Lillebostad
Prosjektet er støtta av:
Kulturrådet
Fond for lyd og bilde
Billedkunstnernes Vederlagsfond
Regionale prosjektmidler for visuell kunst
Norsk fotografisk fond
Foto, over: Helene Sommer, Postkort fra Hardanger #3, 2021, collage
>>> OPPLEV UTSTILLINGA DIGITALT HER
_____________________________
Om kunstnarane:
Ingrid Book & Carina Hedén bur i Oslo og har samarbeidd sidan 1987. Dei har rørt seg innan områder som: stad og ikkje-stad, krympande byar, kulturlandskap og produserte landskap, tap av minne, munnlege tradisjonar, og tap av genetisk arv – i foto, video, skulptur og installasjonar.
Eit utval utstillingar:
Midlertidige Utopier, Museet for Samtidskunst 2003, The Field, Bienale de São Paulo 2004, Geschichten für leere Schaufenster, Salzburger Kunstverein 2007, Militære landskap, Festspillutstillingen 2008, Modernautställningen, Moderna Museet 2010, Nikolais Natt, Henie Onstad Kunstsenter 2016. Perspectives on Ecology and Modernity, Botanisches Museum Berlin 2019.
Per Christian Brown arbeider med analogt fotografi, film, video og installasjonar, der han kretsar kring spørsmål knytt til identitet, natur, biologi, synestesi, sosiale og politiske aspekt i samtida. Dei siste åra har han jobba med foto-videoprosjekt knytt opp mot våre førestillingar om dei fire elementa, og dei underliggande poetiske attributta me tileignar kvar av elementa.
Eit utval utstillingar:
«Fra Balkongen», Stavanger Kunstmuseum, Stavanger (2020), kunstmessen «Wiedererwachen» på Station Berlin (2020), «Den Siste Festen» QB gallery, Oslo (2020), «Chimera», Kunstraum Bethanien, Berlin (2019), Verka hans er innkjøpt av statlege og private samlingar og han har utført fleire større offentlege kunstoppdrag. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Oslo og Bergen og bur og arbeidar i Stavanger, Oslo og Berlin.
Hege Nyborg arbeider med måleri, teikning og tekst, ofte i seriar og installasjonar kor analyser av naturfenomen og økosystem, landskapet si hukommelse og psykogeografi inngår. Hennar siste prosjekt består av tekstteikningar som registrerer sjeldne og trua plantearter frå forskjellige område, basert på psykobiotopiske vandringar og klimatiske, topografiske og historiske hendingar. Nyborg er utdanna ved Amherst College, BA Political Science (Hons.), Statens Håndverks- og kunstindustriskole, Akademie der bildenden Künste, Wien og Statens Kunstakademi, Oslo.
Eit utval utstillingar:
Henie Onstad Kunstsenter, Sørlandets Kunstmuseum, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Kunsthalle Helsinki og National Museum of Women in the Arts i Washington D.C.
Helene Sommer jobbar med video, installasjon, tekst og collage der eksperimentering og samanstilling av eit rikt, men selektivt utval av funnet kjeldemateriale i kombinasjon med eigenprodusert stoff, reiser spørsmål kring historiefortellinga si mekanismar. Ved å utforske dei mange nivåa av fortolking og klassifisering undersøkjer ho relasjonen mellom offisiell historie og subjektiv hukommelse innan område som historie og naturvitskap.
Ho har vist sine arbeid på mellom anna Kunstnernes Hus, Oslo Kunstforening, Stenersenmuseet, Vigelandsmuseet, Tromsø Kunstforening og Kunstnerforbundet. Sommer bur og arbeider i Oslo og har si utdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo.
Thorbjørn Sørensen er kjent som ein kunstnar som vender seg til maleriet frå ulike ståstadar. Fotorealistiske landskap og portrett, stripebilete utført med airbrush og akvarellar av jordhaugar, kvistar og døde fuglar er nokre av motiva han har arbeidd med.
Han er representert i ei rekke samlingar som Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Astrup Fearnley Museet, Utenriksdepartemetet, Norsk kulturråd, Statoil og Nordea Kunstsamling.
Tid
Februar 27 (Laurdag) 00:00 - April 25 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)