Norske sjømannstatoveringar
tors21jan19:0020:00Norske sjømannstatoveringar
Om arrangementet
Det fyrste torsdagsføredrag i det nye året vert 21. januar kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden får me besøk av forfattar og tatovør Tor
Om arrangementet
Det fyrste torsdagsføredrag i det nye året vert 21. januar kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden får me besøk av forfattar og tatovør Tor Ola Svennevig som skal fortelja om norske sjømannstatoveringar.
«Tusenvis av nordmenn reiste til sjøs under norsk sjøfart. Mange kom tilbake med tatoveringar som markerte tilhøyring og viste til reiser over heile verda» Boka med namnet «Norske sjømannstatoveringer» som Tor Ola Svennevig skreiv i 2013 gjer ei innføring i dette, og i etterkrigstidas sjømannsliv samt norske sjømannstatoveringar før og no. Nett no jobbar han på ein ny bok også med dette temaet!
Velkomen til eit annleis og spanande torsdagsføredrag der me alle skal bli klokare på sjømannstatoveringar og historia knytt til dette temaet.
Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
OBS: Inngang (kr 100,-). Maks 20 deltakarar. Billettar på TicketCo. Berre restsal i døra!
Lenke: https://fartoyvern.ticketco.events/…/norske…
Open kafé og museumsbutikk.
Tid
21. januar 2021 19:00 - 20:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)