KURS: Reipslaging
fre28aug(aug 28)17:00sun30(aug 30)14:00KURS: Reipslaging
Om arrangementet
Bli med og lær om tau i frå fiber til trosse. Frå 28-30. august 2020 vert det kurs i reipslaging på Hardanger fartøyvernsenter. Me vil lage tau med ulike teknikkar
Om arrangementet
Bli med og lær om tau i frå fiber til trosse. Frå 28-30. august 2020 vert det kurs i reipslaging på Hardanger fartøyvernsenter. Me vil lage tau med ulike teknikkar og i ulike materialar, og ta for oss tema som behandling, vedlikehald og litt historikk. Du vil sjå på tau med heilt nye auge etter desse dagane!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4000,- Inkl. materialar og mat
MÅLGRUPPE: Nybegynnarar/alle
TA MED: Kniv
BETALINGS- & PÅMELDINGSFRIST: 3. august 2020
SPØRSMÅL & PÅMELDING
til Line Kirstine Larsen, formidlingsleiar
E-post: line.larsen@hvm.museum.no
Tlf. +47 479 74 363
Tid
28. August 2020 17:00 - 30. August 2020 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)