Kurs: Historiske kjelder
ons24jan12:0015:00Kurs: Historiske kjelder
Om arrangementet
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt? Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler
Om arrangementet
Kvar finn me historiske kjelder og korleis skal me bruka dei ? Kan me bruka alt me finn fritt?
Kursleiar Eirik Helleve har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar, og deler røynslene sine på dette tre-timars kurset.
Kanskje vert du inspirert til å skriva ein artikkel sjølv?
Dette er eit tredelt kurs, der me snakkar om nokre former for kjelder og korleis me kan bruka dei.
* Den fyrste bolken handlar om digitale kjelder, altså kjelder me kan finna på Internett.
* Den andre handlar om trykte og handskrivne kjelder, der me ser på nokre døme frå samlingane til museet.
* Den tredje handlar om foto og opphavsrett.
Merk at dette kurset er på dagtid frå kl 12 – 15.
Pris: kr 600
Påmelding til voss.folkemuseum@hvm.museum.no innan 22. januar 2023
Tid
24. januar 2024 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)