Helgekurs: hardangersaum
Om arrangementet
Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2023 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 15. – sundag 17.
Om arrangementet
Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2023 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 15. – sundag 17. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising, individuell rettleiing og besøk på tekstilmagasinet, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.
Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurs får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller løpar. Kursa passar både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.
Tidspunkt og påmelding
Kurset går fredag 15. – sundag 17. september på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 1. september 2023 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
15. September 2023 09:30 - 17. September 2023 17:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)