Kine Lillestrøm & Trond Hugo Haugen
lau28sep(sep 28)00:00sun05jan(jan 5)00:00Kine Lillestrøm & Trond Hugo HaugenÅ sjå deg i auga
Om arrangementet
Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen syner ei stadsspesifikk utstilling i og på Kabuso og Ingebrigt Vik museum hausten 2019. Kunstverka har vorte utforma og bygde på staden, både i
Om arrangementet
Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen syner ei stadsspesifikk utstilling i og på Kabuso og Ingebrigt Vik museum hausten 2019.
Kunstverka har vorte utforma og bygde på staden, både i utstillingssalen og på dei mange glasflatene.
Refleksjonar kring arbeid og kunnskap spelar ei stor rolle for utstillinga, mellom anna med gjenbruk av material frå bygginga av Hardangerbadet.
Kurator Sissel Lillebostad om utstillinga:
Det starta med ein samtale. Eller, nei, det starta før me møttes. Det starta med bygninga og mandatet Kabuso eingong fekk – å sjå nasjonalromantikken gjennom samtidas brilleglas. Mandatet er nedfelt i sjølve bygningskroppen – store glas vende mot fjorden, taket forma som eit lite ekko av fjellrekka, reine material.
Sikta frå Øystese er svimlande vakker når lyset fell over Folgefonna og gnistrar kvitt mot blått. Den er òg fascinerande når skodda sig tungt inn mellom fjellsidene, regnet driv sidelengs langs fjorden og lyset sildrar i tynne snorer mellom oppsamla vatn.
>>> Les tekst av Bjørn Hatterud – Å sjå deg i auga.
Utdrag: Eg trur at noko av det skumlaste ein kunstnar kan gjere er det som Trond Hugo Haugen og Kine Lillestrøm har gjort i Øystese med utstillinga «Å sjå deg i auga». Dei kom som framande, til ein liten tettstad. Etter eit grundig forarbeid flytta dei til plassen for ei tid, for å arbeida kunstnarleg, som respons på plassen.
Om kunstnararne:
- Kine Lillestrøm (f. 1977) er malar, med ei filosofisk tilnærming til stedets utforming, bestemmelser og historikk. Hun arbeider med rom, men ikke begrenset til rommets egne grenser. Lillestrøm er utdannet ved Kunstakademiet i Oslo. Lillestrøm har hatt flere utstillinger med både egne verk og samarbeidsprosjekter, samt toåring atelierstipend i Oslo rådhus, og åpner utstilling ved LNM (Landsforeningen norske malere) i Oslo 31. oktober 2019.
- Trond Hugo Haugen (f. 1975) har en mer direkte, uttalt og verbal praksis. I verkene reflekterer han rundt politikk og historie sett fra enkeltindividets posisjon, samt kunstnerens plass i samfunnet. Haugen har hatt flere utstillinger nasjonalt og internasjonalt, av hans større verk er Et riksportrett (etter Eidsvold 1814) fra 2014 og det flerårige verket Stavanger2018 / KA DÅ ITTEPÅ. Han har bakgrunn som konsertarrangør og er utdannet ved Kunstakademiet i Trondheim i 2002.
>>> Folder Lillestrøm & Haugen








Foto Pål Hoff
Tid
28. September 2019 00:00 - 5. januar 2020 00:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)