Joleverkstad 2024
sun01des12:00sun15:00Joleverkstad 2024
Om arrangementet
Bli med på joleverkstad sundag 1. desember! Du vil finne 14 kjekke aktivitetar i festsalen i museumsbygget som trearbeid, sying, papirarbeid,
Om arrangementet
Bli med på joleverkstad sundag 1. desember!
Du vil finne 14 kjekke aktivitetar i festsalen i museumsbygget som trearbeid, sying, papirarbeid, marsipanfigurar og honningljos.
Nytt i år er at me flyttar arbeid med kransar ut på tunet (under tak om det regnar). Her set me opp joletre og du kan få kjøpe varm drikke. Fotograf Kjell Herheim har rigga til fotokrok der du kan ta årets jolebilete med kyndig instruksjon. På toppen av det heile kjem to barnekor – Vossestrand barne- og ungdomstkor og Mini Midi song – og syng jolesongar kl 1230, 1330 og 14.00. Kanskje vert det òg ein tur rundt joletreet.
Me garanterer god førjulsstemning uansett vér og gler oss til å sjå dykk!
Open kafé og museumsbutikk.
Pris kr 100 pr person.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Ting billettar herTid
(Sundag) 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Program
Denne månaden
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.
I 2025 er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa til USA. I samarbeid med Memoar og Fjellkoret opnar museet jubileumsmarkeringa med å invitere til forteljarkveld med utvandringshistorie frå Voss og omland som tema.
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Foto: Utanfor forretninga til Odd K Glimme i Madison, Wisconsin. Odd (f.1881) til høgre saman med nevøen Johannes R. Glimme (f.1895). Utlånt av Marit Olaug Haug.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)