Hjelp eg eig eit gamalt hus (på Voss). KVELD 3/4: Matrealkunnskap og overflater
ons15mai19:0020:30Hjelp eg eig eit gamalt hus (på Voss). KVELD 3/4: Matrealkunnskap og overflater
Om arrangementet
Me gjentek suksessen og inviterer til fire kurskveldar med ulike problemstillingar knytt til eldre hus. Målgruppa for kurset er eigarar av hus som ynskjer å
Om arrangementet
—-
Bur du i eit hus frå 70-åra, skal du overta eit hus frå 1800-talet, eig du ei gamal røykstove, har du ei løe, eller er du nysgjerrig på bygningsvern? Me ynskjer å tilby fagleg påfyll og eit hyggeleg møte mellom fagkyndige og huseigarar i området. Her kan alle læra meir om korleis ein set i stand eller tek vare på sitt gamle hus på ein berekraftig måte. Det vert sett av god tid for erfaringsutveksling, spørsmål og diskusjon.
Onsdag 15. mai klokka 19:00 – 20:30, Voss Folkemuseum.
Denne kvelden vil ta føre seg materialkunnskap i eldre bygningar. Me får blant anna besøk av Belinda Kjellerup som er miljørådgivar for Norconsult på Voss. Ho vil halda eit innlegg om materialar i eldre bygg som potensielt kan vera helse- og miljøskadelege.I tillegg vil Anne Lise Brask Eriksen, bygningsvernkonsulent i Hardanger, halda eit innlegg om val av rett maling, tapet og overflatebehandling i tråd med antikvariske prinsipp.
Tid
15. mai 2024 19:00 - 20:30(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)